3. sundag i advent, og i dag møtte eg ein musemann!

 

Eg er heime med mamma på juleferie, og det er godt kan dokke tru.

I dag vart tre lys tent, men utan å synge eller deklamere Inger Hagerup sitt dikt. Men no er det berre eg og mamma som er heime, og vi kan både songen og diktet så inni granskogen godt, så då treng ein liksom ikkje synge. Ikkje det at det hadde blitt kleint heller. Vi gadd ikkje. Mamma seier sjølv at ho har stygg songstemme. Det er sjølvsagt berre tull, men ho påstår at ei jente sa til ho ein gong at ho sang falskt. Jaja, ho får berre tru det, men ho syng reint.

I kveld var det kyrkjeknonsert i Gursken kyrkje så eg tok på meg tversoveren min og fekk høre på Vyrde mannskor og Sirene. Onkel Odd-Kåre syng som det brakar i det koret, og det er ei glede å høyre på. Dei var flinke. Ja faktisk dritflinke! Eg likar mannskor. Ja, Sirene, som er eit jentekor, var flinke også. Mektig imponerande.

Under konserten, då det var att ein song så hørte eg ei svak stemme. Nett som om det kom frå ei lita mus. Men det var ikkje noko mus som laga lyden. Det var ein liten,liten,liten mann. Type 5. far i huset. Han var superfin med masse rynker og dei fornautige brilleglasa. Eg likar slike gamle briller. Eg vil ha slik når eg vert gamal. Men det eg ville seie var at han satt med den vesle kroppen sin og med dei svære øyreapparata og song musestille til "Mitt hjerte alltid vankar". Det var så fint. han var i si eiga verd, og eg byrja å stirre på han. Ikkje fordi han øydela konserten, men han heva den. Det var ultrafint. Kjempefalskt og skjelvande, men han fekk meg til å assosiere om ei svunnen tid. Eg såg føre meg han som liten gut med kortbukse og tversover, og kor han stod på julefesten sin og song for full hals. Eg vart så glad i denne mikromannen som sikkert var 100 år. Skulle ynskje eg visste kven han var. Då skulla eg tatt meg ein tur på besøk og sagt at eg diggar han. Han var ein eventyrleg skapnad. Ein musemann.

I morgon er det Sankta Lucia. Og mamma skal vere Lucia på Marin Teknikk. Trur nesten eg må få tatt bilete å legge ut. Og i morgon skal eg vere verdas stoltaste onkel å få sjå Signemora mi. vere Lucia i barnehagen. Eg elskar juleferie. Ekstra lang i år, fordi eg skal byrje i ny jobb over jul. Meir om det ein annan dag.

Dette blogginnlegget er dedisert til Sara, mi kusine, fordi ho masa slik om at eg måtte blogge, Neida Sara. Du

masa ikkje, men eg likte å skrive det.

God sundag, og god natt!

3 kommentarer

Sarraaaa:)

13.des.2010 kl.12:00

Jippi Ja ja !

Gler mej til å ha førjulstid saman med deg når eg kjem heim !

Du er og forblir kulare enn kul!

14.des.2010 kl.21:25

ja sahara! thats true-true-true!

hold on, hold on. be strong!

Sara!

15.des.2010 kl.09:15

Far og mor, søster og bror, liten og stooooor ! ALLE ALLE VIL VI HA ME !!!!!!!

Skriv en ny kommentar

chrissebass

chrissebass

29, Herøy i Møre og Romsdal

Den gladaste guten frå sunnmøre, bur i Osloby, der han livnærer seg på å lære bort litt av kvart til sine kjære elevar.

Kategorier

Arkiv

hits